I samband med Elsikkerheitsdagen vil alle 540 000 tilhøyrande nettkundar få ein sms med invitasjon til å gjennomføre ein enkel digital eigenkontroll av sitt elektriske anlegg. Blant dei som deltar frå Sykkylven vil Straumen Nett trekke ein heldig vinnar av ein elektrisk sparkesykkel. 

Straumen Nett er nettselskapet for Sykkylven kommune, utskilt frå Sykkylven Energi for å drifte straumnettet i Sykkylven.  

Det er du sjølv som har ansvar for det elektriske anlegget ditt. 

Elsikkerheit handlar om sikkerheit knytt til bruk av elektriske anlegg og elektrisk utstyr. Brann er noko av det verste som kan skje i heimen. Liv kan gå tapt og ein kan få store materielle skader. Nær halvparten av alle bustadbrannar skuldast feil på det elektriske anlegget eller feil bruk av elektrisk utstyr. Det er eigar og brukar av bustaden som har ansvaret for at det er trygt å bruke straum. 

Målet med Elsikkerheitsdagen er at det skal bli enda tryggare i eigen bustad. Elsikkerheitskontrollen er samansett av 9 spørsmål som tar deg gjennom dei viktigaste delane av det elektriske anlegget ditt som du kan kontrollere sjølv. Kontrollen er enkel å gjennomføre for alle og det tar berre fem minutt. 

Her finn du eigenkontrollen: 


Meir informasjon:  

Olav Martin Lid, Det lokale eltilsynet, Straumen nett AS, tlf. 996 34 335  

Per Arne Edvardsen, adm. direktør Straumen Nett AS, tlf. 957 30 096