Vi har i det siste hatt svært høge straumprisar, som skuldast fleire forhold nasjonalt og internasjonalt. Prognosane syner at prisane mest sannsynleg vil halde seg høge også i tida framover, og mange vil i vinter få auka kostnader til lys og varme.

For å avhjelpe situasjonen vil Straumen Nett redusere nettleiga med 12,5 øre/kWh inkl. mva i januar, februar og mars, det vil sei i dei månadane dei fleste har høgast forbruk og som vanlegvis har dei høgaste straumprisane.

Prisen vert redusert på energileddet på dagtid, noko som betyr at prisen på energileddet blir den same på dagtid som på natta, 8,6 øre/kWh inkl. mva. Statlege avgifter kjem i tillegg.

Næringskundar med årsforbruk opp til 400 000 kWh vil også få ein prisreduksjon på 10 øre/kWh eks. mva på energileddet.

I Statsbudsjettet for 2022 vert det fredag 17. desember vedteke at forbruksavgifta skal reduserast til 8,12 øre/kWh i 3 månader, i januar, februar og mars.

Dette betyr ein total reduksjon på om lag 20 øre/kWh. For ein snittkunde i Sykkylven fører til ein reduksjon på ca kr 1000,- for desse tre månadane!

Vi ønskjer alle våre kundar i Sykkylven ein god jul og eit godt nyttår!