Det inneber at vi går på jobb kvar dag med ein heilhjerta innsats – for å forbetre og sikre straumforsyninga til sykkylvingen. Vi skal vere tett på kundane, rask på foten og involvert i dei digitale trendane som vil gagne vårt lokalsamfunn.

Påliteleg og sikker straumforsyning

Vår viktigaste oppgåve er å sikre våre innbyggjarar ein påliteleg og sikker straumforsyning. Det er store investeringar i samband med å tryggje forsyningssikkerheita og redusere antal avbrudd. For å kunne ta dei mest kostnadseffektive vala, er det avgjerande at vi til ein kvar tid har solid kunnskap om nedslagsfeltet og evne til å sjå kva som skal til for å levere eit moderne og godt utvikla nett no- og for framtida. 

SykkylvenEnergi_OE8A0907_fotoKristinStøylen_1920.jpg


Ingen nykomar

Straumen Nett er eit nyoppretta selskap, men er ingen nykomar. Verksemda har tidlegare vore innlemma i Sykkylven Energi, som har over 100 års erfaring som samfunnsbyggjer og leverandør av samfunnskritiske tenester. Vi kjenner lokalsamfunnet sine krikar og krokar og utfordringane vêr og landskapet akkurat her kan gje oss. Vi kjenner folka som bur her – vi er sjølv frå bygda. Vi opptrer varsamt, og effektivt. Nøkternt og langsiktig. 

SykkylvenEnergi_OE8A1832_fotoKristinStøylen_1920.jpg


Samfunnsrolle

Som leverandør av infrastruktur, ligg fokuset på å gjennomføre kjerneoppgåvene, som er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde straumnettet i Sykkylven. Samstundes er det også viktig at vi tar ein del av ansvaret for å styrke grunnlaget for næring og busetjing i bygda. 

Krav frå norske styresmakter, utbygging av kritisk infrastruktur og klimaendringar, og eit økt forbruksmønster innan elkraft, er ting vi har eit bevisst forhold til- og plan for å imøtekome.