Straumstøtteordninga vil i mai ikkje gjelde for oss i Møre og Romsdal. Sjå vedlagt lenke under for meir informasjon.
Prisområdet vårt, NO3 (Trondheim) har hatt ein gjennomsnittleg spotpris på under 70 øre/kWh utan mva.
Den 1. i kvar månad presenterer Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) den gjennomsnittlege områdeprisen og støttesatsar for dei ulike prisområda i Norge for førre månad.
Her er støttesatsane for mai - NVE
Kompensasjonsordninga starta 1. desember 2021 og varer så lenge regjeringa bestemmer. Ordninga går ut på at hushaldskundar kan få delar av straumkostnaden dekka gjennom reduksjon på nettleigefakturaen.
Hushaldskundar vert automatisk kompenserte, når prisane stig over grensa som regjeringa har satt på 70 øre/kWh utan mva.