Det vart heller ingen kompensasjon for august i Straumen Nett sitt prisområde. Område NO3 (Trondheim) som Straumen Nett sine kundar ligg i hadde ein gjennomsnittleg pris på 18,89 øre/kWh.

Den 1. i kvar månad presenterer Reguleringsmyndigheten for energi i NVE (RME) den gjennomsnittlege områdeprisen og støttesatsar for dei ulike prisområda i Norge for førre månad. Sjå meir informasjon her.

Kompensasjonsordninga starta 1. desember 2021 og varer så lenge regjeringa bestemmer. Ordninga går ut på at hushaldskundar kan få delar av straumkostnaden dekka gjennom reduksjon på nettleigefakturaen.

I vårt prisområde er prisane heldigvis ikkje like høge som lenger sør i landet. Hushaldskundar vil automatisk verte kompenserte, dersom prisane stig over grensa som regjeringa har satt på 70 øre/kWh.