Ordninga med meir- og mindreinntekt har til hensikt å sikre kundane våre stabil nettleige over tid. Meir- og mindreinntekter frå nettleiga er ikkje eit overskot eller underskot for selskapet, men vert lagt inn i eit fond som gjeld til kundane våre. Figuren nedanfor viser utviklinga i fondet frå 2010 fram til 2022.

Straumen Nett si inntekt vert vedtatt av Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE). I desember kvart år får vi ei prognose frå NVE for neste års inntekt. I februar året etter får vi vedtak om endeleg inntekt. Dvs. ca. 15 månadar etter at vi har fått prognose. Desse vil avvike frå kvarandre ut frå endringar i kraftprisar, renter, osv.
Dei åra dei grøne stolpediagramma i figuren er negative har nettleiga gitt lågare inntekter enn vedteke av NVE og dei åra dei er positive har nettleiga gitt høgare inntekter. Det betyr at i 8 av dei siste 12 åra har nettleiga gitt lågare inntekt. Dei årlege endringane gir pluss eller minus i fondet som er samla gjeld til kundane våre.
Vi rapporterer kvart år inn meirinntekta vår til NVE, og har ikkje fått nokre reaksjonar på dette tidlegare. På grunn av forventningar om auka nettleige på landsbasis og dei høge kraftprisane kom NVE i november med ei oppmoding til nettselskapa om å redusere all meirinntekt i samband med fastsetting av nettleiga for 2022. Vi tok oppmodinga frå NVE og sette ned nettleiga betydeleg i 1. kvartal i år.
Alle endringar i nettleiga er basert på fondet for meir-/mindreinntekt og prognose for kostnadar og forventa energiforbruk til kundane våre det kommande året. I eit normalår ville vi ha sett ned nettleiga for heile året 2022 med 4 øre/kWh. Då dette ikkje er eit normalår, men eit år med forventa høge straumprisar, så valde vi heller å redusere nettleiga betydeleg (12,5 øre/kWh inkl. mva.) i 3 månader, no når prisen vanlegvis er høgare enn resten av året.
For å redusere meirinntekta i fondet har vi justert ned nettleiga, både i mars i fjor og no dei 3 første månadane i år. Med justeringane vi gjer i nettleiga så reknar vi med å gå i null i løpet av dette året.
Det er 11 nettselskap i Møre og Romsdal. Pr.1. desember 2021 viser nettleigestatistikken frå NVE at det berre er 2 av desse selskapa som har lågare nettleige enn Straumen Nett for ein normalkunde med forbruk på 20.000 kWh i året. Etter reduksjonen i nettleiga for 1.kvartal i år reknar vi med at Straumen Nett vil ha den lågaste nettleiga i fylket i vinter.
Per Arne Edvardsen
Adm. Direktør
Straumen Nett AS