Ny nettleige frå 1.1.2023

Straumen Nett har i 2022 hatt ei av dei lågaste nettleiga i landet.

Reguleringsmyndigheitene varslar no om auka inntektsramme for nettselskapa neste år.

Dette skuldast høgare kraftprisar, auka rentenivå og auka inflasjon.

Straumen Nett aukar difor nettleiga tilbake til eit meir normalt nivå frå 1.1.2023.

Med den nye nettleiga ventar vi framleis å ligge lågare enn landsgjennomsnittet.

I 2022 har vi tilbakeført all meirinntekt til våre kundar.

For store næringskundar med forbruk over 100.000 kWh aukar nettleiga tilbake til same nivå som i 2021.

For ei gjennomsnittleg hushaldning aukar nettleiga med om lag kr 183 i månaden. 

Stortinget har vedteke å redusere satsen for elavgifta frå 19,26 øre/kWh til 11,45 øre/kWh i første kvartal i 2023.

Reduksjonen i elavgifta fører til at den reelle auka i nettleiga for ei gjennomsnittleg hushaldning vert på kr 45 i månaden i første kvartal 2023.

Nye nettleigeprisar for privatkundar og fritidsbustadar

Nye nettleigeprisar for næringskundar