Straumen Nett aukar nettleiga frå 1. januar 2024. Årsaka til auka er at nettselskapa i Norge må betale meir til Statnett for bruk av sentralnettet (transport av kraft inn til Sykkylven).

Samtidig som vi auka nettleiga har Stortinget vedtatt lågare forbruksavgift for perioden januar – mars 2024. Auka i nettleige og reduksjonen i forbruksavgifta gjer at ein gjennomsnittleg hushaldskunde (20 000 kWh per år) vil få ein reduksjon i nettleige på om lag 50 kr per månad i perioden.

Frå 1. april 2024 aukar regjeringa forbruksavgifta igjen og dette medfører ei auke i forhold til 1. kvartal på om lag 140 kr per månad for ein gjennomsnittleg hushaldskunde. 

Nye nettleigeprisar for privatkundar og fritidsbustadar

Nye nettleigeprisar for næringskundar