Administrerande direktør i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen, blir også dagleg leiar i det nye  selskapet med det velklingande namnet. Sykkylven Energi er no splitta i tre selskap med eit holdingselskap og to dotterselskap. 

–Årsaka til nye Straumen Nett er ei endring i Energilova om eit selskapsmessig og funksjonelt skilje frå 1. januar 2021. Verksemdene skal ikkje blandast, og difor er nettverksemda no skilt ut i ei eiga juridisk eining for å tilfredsstille krav frå det offentlege, seier Edvardsen om nye Straumen Nett. 

SykkylvenEnergi_PerArne_OE8A8808_fotoKristinStøylen.jpg
Administrerande direktør, Per Arne Edvardsen


Minimal forskjell 

For brukarar og kundar vil den praktiske forskjellen vere minimal, og kundane vil ikkje merke anna forskjell enn at dei må forhalda seg til eit nytt selskapsnamn med ny profilering og nye logoar - samt at krav om betaling no kjem frå Straumen Nett og ikkje lenger frå Sykkylven Energi.  

Elektrifisering 
Straumen Nett sine kjerneoppgåver er å planlegge, bygge, drifte og halde ved like straumnettet i Sykkylven og sikre påliteleg og sikker straumforsyning for sine kundar og brukarar.  

–Ei stor utfordring og viktig oppgåve framover er utbygging med fokus på den elektrifiseringa som skjer no, fortel Edvardsen. 

Det er bygd ut for elektrifisering av ferja mellom Aursnes og Magerholm, og no ventar ein stor auka av elbilar og lading. 

Elbil-ladar 
–Vi ser allereie ein stor auke i dette. Nye hus og hytter blir i dag bygde med elbil-ladar, og vi får mange søknader om elbil-ladar i eksisterande bustadområde. Utviklinga vil belaste straumnettet vårt betydeleg meir enn det vi ser i dag, seier Per Arne Edvardsen. 

For å møte den auka belastninga, jobbar ein i dag med digitalisering og oversikt over nettet slik at ein kan gjere gode analysar for å minimere utbyggingskostnadane og behovet for utbygging. 

Naudsynt å styre straumforbruket 
–Vi må også ha fokus på å formidle kor viktig det vil vere at brukarar og kundar ikkje ladar når forbruket er størst. Det vil vere ein fordel ikkje å lade bil mellom klokka 06 og 09 om morgonen når vi skrur på varmeomnar, og mellom 16 og 18 på ettermiddagen når folk kjem heim og lagar middag, seier Edvardsen, som meiner det vil vere heilt naudsynt å styre straumforbruket slik at ein ikkje får alle belastningar på same tid.  

Utfordrar energiforsyninga 
– Nettet vårt er ikkje dimensjonert for å tole samla belastning som dette. Det er ikkje eit problem i dag, men i tida framover vil dette vere ei stor utfordring for heile energiforsyninga i Noreg, meier Edvardsen.  

Hyttefolket 
For Straumen Nett vil også hyttefolket og Fjellsætra bli ei stor utfordring om alle kjem samstundes på hytta ein fredag, slår på varmen og set elbilen på lading, slik mange gjer i dag, sjølv om stadig fleire installerer varmestyring i hytta. 

Kostnadsdrivande 
–Eit forbod mot sal av nye bensin- og dieselbilar i 2025, betyr at elbilar overtar. Det vil heilt klart vere kostnadsdrivande for å utvikle og dimensjonere straumnettet, seier Per Arne Edvardsen. 

Ein av landets beste 
I dag er Sykkylven ein av landets mest pålitelege når det gjeld sikker straumforsyning. I 2019 var dei nest best i landet på forsyningssikkerheit, og dei jobbar kontinuerleg for å forbetre nettet. Ifølgje Edvardsen har dei hatt fokus på preventivt vedlikehald det siste året, noko som vil være viktig framover for å sikre forsyningstryggleiken. 

Nye Straumen Nett vil også jobbe kontinuerleg for å imøtekome og ta i bruk framtidas teknologi og nye løysingar i full skala. Det handlar heile tida om å forbetre kundeopplevinga og sørge for god intern flyt.  

Lokalkjende og dyktige tilsette 
Edvardsen meiner at ei av dei viktigaste årsakene til at dei kan levere så bra, er dei tilsette som ifølge Edvardsen gjer ein formidabel jobb. Dei er lokalkjende, dei kjenner lokalsamfunnets krikar og krokar, samt dei  utfordringane veret og landskapet kan by på. 

–Vi har fantastiske tilsette som er flinke og fagleg dyktige. Alle har eit stort fokus på sikker drift av nettet og rask respons for å rette feil til alle døgnets tider, fortel Per Arne Edvardsen. 

Direktør og dagleg leiar 
Edvardsen er utdanna sivilingeniør innan elkraft ved NTH, han har brei leiar- og bransjeerfaring og tok til som administrerande direktør i Sykkylven Energi i desember 2018. Frå i år skal han også leie det nye nettselskapet Straumen Nett.