1. juli innfører Straumen Nett nettleigemodell for privatkundar, fritidsbustader og næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh. For dei aller fleste vert det lite endring på nettleiga.

Den nye nettleiga legg til rette for betre utnytting av straumnettet ved å gi insentiv til å redusere effektbruken, eller flytte det mest fleksible forbruket til tidspunkt når nettet er mindre belasta. Dette vil bidra til lågare nettleige over tid. Smart straumforbruk skal premierast og modellen skal bidra til ei meir rettferdig fordeling av nettkostnadane mellom kundane.

Les meir om ny nettleige her.

Nettleiga består av eit kapasitetsledd og eit energiledd, i tillegg til statlege avgifter som ENOVA avgifta, forbruksavgifta og mva.

  • Kapasitetsleddet er eit beløp per månad etter kor mykje straum du brukar samstundes. Kapasitetsleddet vert prisa ut frå snittet av dei 3 timane med høgast forbruk førre månad (på tre ulike dagar). Kapasitetsleddet vil ha trinn med ulike intervall og prisen vil stige dess meir straum du brukar samstundes. Dersom du har jamt straumforbruk gjennom døgnet vil du få eit lågare kapasitetsledd enn om du bruker mykje straum samstundes. Den nye nettleiga gir deg større moglegheit til å påverke kva du betalar. Det vil lønne seg å jamne ut forbruket gjennom dagen, og det vil være rimelegare å lade elbil trygt om natta. Vi anbefaler ingen å bruke vaskemaskin eller liknande om natta då det er minimalt å spare på dette.
  • Energileddet vert frå 1. juli 2022 prisa likt på dag og natt grunna tilbakeføring av meirinntekt til kundane. Frå 2023 vil vi innføre lågare pris på natt enn på dagtid.

Hugs tryggleiken!                                                                                                                        

Vi ønskjer ikkje at kundane våre tek val som går på kostnad av eltryggleiken. Les om eltryggleik på denne nettsida: Nordvest (elsikkerhetsportalen.no) Lad elbilen forskriftsmessig på natta og ikkje bruk vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel når du søv eller ikkje er heime. Det er minimalt å spare på nettleiga ved å bruke hushaldsapparat om natta.

Nye nettleigeprisar for privatkundar og fritidsbustadar med årsforbruk under 100 000 kWh frå 1. juli 2022

Nye nettleigeprisar for næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh frå 1. juli 2022