Nettleiga for hushaldskundar og fritidskundar vert frå 1. mars 2021 satt ned med 3,775 øre inkl. meirverdiavgift pr. kWh. For ein gjennomsnittleg hushaldskunde med eit årsforbruk på 20 000 kWh utgjer dette ein reduksjon i nettleiga på om lag 755 kroner i året.

Nettleiga for lita næring (næringskundar med årsforbruk under 400 000 kWh) vert også satt ned med 3 øre med tillegg av meirverdiavgift pr. kWh frå 1. mars 2021.

Vi har lagt bak oss eit år med låge straumprisar og låg rente, noko som har redusert overføringskostnadene våre i kraftnettet. Samstundes har våre tilsette jobba godt med å effektivisere drifta dei siste åra, noko som også bidreg til at vi no kan setje ned nettleiga. Vi er svært nøgd med å kunne setje ned nettleiga samstundes med etableringa av Straumen Nett. Det viser at effektiv drift kjem kundane til gode.

Straumen Nett sitt samfunnsoppdrag er å setje kunden fremst og arbeide for å utvikle eit framtidsretta kraftnett i kommunen med rett kvalitet til rett kostnad. Dette er avgjerande for å leggje til rette for auka grad av elektrifisering og grøn verdiskaping.

Per Arne Edvardsen, adm. direktør i Straumen Nett.