Straumen Nett vidarefører dagens tariffer/prisar utan endring for kundar med forbruk under 100 000 kWh/år.

Myndigheitene hadde bestemt at alle nettselskapa i Norge frå 1.1.2022 skulle innføre ny modell for nettleige. Som ein del av avtalen om ‘’straumpakka’’ vart regjeringspartia einige om å utsetje endringa av nettleiga. Mange kundar er usikre på effekten og korleis dei skal forhalda seg til den nye nettleigemodellen. Dette samen med allereie høg straumrekning har skapt frykt for ytterlegare auka utgifter hos kundane. Partia meiner difor at det ikkje er hensiktsmessig å innføre endringa no.

Straumen Nett har ny modell klar

Straumen Nett har som alle andre nettselskap gjort mykje for å tilpasse den nye nettleigemodellen. Som resten av bransjen er vi einige om at det er heilt nødvendig med ein endring for å redusere behovet med forsterking og utbygging av nytt straumnett. Hensikten med den nye nettleigemodellen er at kundane skal bli meir bevisste på eige straumforbruk, og forsøke å fordele forbruket utover døgnet. Modellen skal stimulere smarte straumkundar med økonomisk gevinst i form av lågare nettleige.

Med bakgrunn i avgjera frå regjeringspartia er Straumen Nett innstilt på å utsette endringa av ny nettleigemodell for kundar med forbruk under 100.000 kWh. Det betyr at dagens nettleigeordning og gjeldande nettleigeprisar for ordinære kundar vert vidareført inntil vidare. Straumen Nett kjem ikkje til å auke totalinntektene sine komande år uavhengig av kva for ein nettleigemodell som veljast.

Vi viser til meldinga vår utsendt 19.12.21, så vil også Straumen Nett redusere nettleiga med 12,5 øre/kWh inkl. mva i januar, februar og mars. Reduksjonen gjeld på energileddet heile døgnet.

I tillegg har myndigheitene varsla ein reduksjon i forbruksavgifta (elavgifta) i 2022. Forbruksavgifta vert innkravd av staten i lag med nettleiga. Dette betyr at du du får litt lågare nettleige det komande året. Forbruksavgifta vert redusert med om lag 10 øre per kWh i vintermånadane januar, februar og mars. Resten av året vert avgifta redusert med ca 1,5 øre per kWh.

Meir informasjon om når ny nettleigemodell vert innført vil kome så snart det er klart.

Straumen Nett tar atterhald om at avtalen mellom regjeringspartia om utsetting av ny nettleigemodell vert endeleg vedteken.