Frå 1. september 2023 vert straumstøtta berekna time for time. 

Støtteordninga gjer at kundane får støtte basert på eige forbruk time for time med tilhøyrande støttesats for sitt prisområde.

Som kunde vil du få støtte i dei timane spotprisen i prisområdet (Sykkylven ligg i prisområde NO3) er høgare enn 70 øre/kWh med tillegg av meirverdiavgift, det vil sei 87,5 øre/kWh inkl. meirverdiavgift. I desse timane får du støtte for 90 % av beløpet over 87,5 øre/kWh. Støtta gjeld dei første 5000 kWh per månad – forbruk over dette vert ikkje kompensert.

NVE publiserer satsane for straumstøtte dagleg, og satsane finn du her: Støttesats time for time - NVE

Ønsker du å lese meir om støtteordninga kan du lese meir på NVE si side for straumstøtte: Strømstøtte for husholdninger - NVE

Det var ingen straumstøtte i vårt prisområde i august 2023.

Kompensasjonsordning for høge straumprisa vart innført 1. desember 2021 og varer så lenge regjeringa bestemmer. Ordninga går ut på at hushaldskundar kan få delar av straumkostnaden dekka gjennom reduksjon på nettleigefakturaen.

Hushaldskundar vert automatisk kompenserte, når prisane stig over grensa som regjeringa har satt på 70 øre/kWh med tillegg av meirverdiavgift.