Dersom du har planar om å bygge ny bustad, fritidsbustad, næringsbygg eller noko som skal installerast straum i, må du ta kontakt med oss så tidleg som mogleg. Du må også ta kontakt med oss dersom du ønskjer å auke effektuttaket eller foreta andre ombyggingar.
NVE i § 16.1 "Forskrift om kontroll av nettverksemd skal nettselskapet berekne anleggsbidrag for alle førespurnader om nytilknyting, auka kapasitet eller betre kvalitet". I desse tilfella vil nettselskapet krevje anleggsbidrag som er eit eingongsbeløp frå kunde/utbyggar for å dekke kostnaden ved å knyte kunden på straumnettet.
Størrelsen på anleggsbidraget vert fastset ut frå gjeldande forskrifter.