Bestill opning av HAN-porten

Nettkunde som ønskjer å opne HAN-porten må fylle ut bestillingsskjemaet under. NB! Det er berre registrert nettkunde som kan bestille opning av HAN-porten på eigen straummålar.

Bestill opning av HAN-porten

Kontaktinformasjon


Målepunktinformasjon


Utfylt av


Alle dei nye straummålarane er utstyrt med ein fysisk utgang som vert kalla HAN-porten (Home Area Network). Gjennom å kople seg til HAN-porten, kan du få tilgang til informasjon om eige straumforbruk gjennom ei rekke tilbydarar.

HAN-porten er stengt når den nye straummålaren vert installert, og den vil berre opnast når registrert nettkunde ber om det. Straumen Nett er pålagd av NVE å halde oversikt over kva kundar som har gitt samtykke til opning av HAN-porten. Dersom ein kunde med open HAN-port flyttar, vert HAN-porten stengd.

Vilkår: Det er nettkunden sitt ansvar å ha kontroll og godkjenne kven som har tilgang på informasjonen som HAN-porten gir. Det er også nettkunden sitt ansvar å eventuelt sikre tilgangen til målaren/HAN-porten dersom den kan vere tilgjengeleg for uvedkomande.

Straumen Nett følger anbefaling frå NVE om personvern i følge råd gitt av NEK (Norsk Elektroteknisk Komité) vedkomande anbefalingar om felles løysing for HAN-teknologi og personvern.  

Les meir om HAN-porten på: www.nek.no/info-ams-han-bruker...