Mange kundar vert oppsøkte av ulike seljarar av kraft. I enkelte høve tilbyr kraftleverandørane kundane gjennomfakturering av nettleiga og felles faktura for nettleige og kraft til sluttbrukar.
Kva er gjennomfakturering?
Ved gjennomfakturering sender nettselskapet faktura for nettleiga til kunden sin kraftleverandør, som betalar på vegne av kunden. Kraftleverandøren fakturerer kunden for nettleiga via straumfakturaen. Dermed får kunden éin felles faktura for nettleige og kraft.
Kven må tilby gjennomfakturering?
Frå 1. september 2016 vart forskrifta som regulerer avrekning og måling av straumkundar endra. Forskriftsendringa inneber at nettselskap som i dag tilbyr felles fakturering med kraftleverandør (samfakturering), ofte i eige konsern, også må tilby dette til andre kraftleverandørar som ønsker det.
Nettselskap som i dag ikkje tilbyr gjennomfakturering av kraft og nettleige, heller ikkje i eige konsern, pliktar ikkje å tilby dette etter 1. september.
Tilbyr Straumen Nett gjennomfakturering i dag?
Straumen Nett tilbyr ikkje gjennomfakturering frå 1. september. Årsaka til dette er at ei slik løysning vil krevje til dels store investeringar i IT system, samt integrering og testing mot dei ulike kraftselskapa sine faktureringssystem. Ei slik løysing vil også medføre økt risiko for økonomisk tap for Straumen Nett.
Vil Straumen Nett tilby gjennomfakturering i framtida?
Gjennomfakturering er første steg mot innføringa av ny marknadsmodell med obligatorisk fellesfakturering på eit seinare tidspunkt.
NVE planlegg ny marknadsmodell for sluttbrukarmarknaden for straum, der felles fakturering av kraft og nettenester vert obligatorisk for kraftleverandøren. Kraftleverandøren vert då straumkunden sin primærkontakt og ansvarleg for det meste av kundedialogen. I ny marknadsmodell vil det ikkje vere høve for nettselskapet eller kraftleverandøren til å velje ein annan måte å fakturere på.
Straumen Nett har bestemt å ikkje foreta investeringar i mellombelse løysingar for gjennomfakturering, og ventar til ny og endeleg marknadsmodell med obligatorisk fellesfakturering er på plass.