Dei fleste har no fått ny straummålar som vert avlese automatisk. Desse skal ikkje lese av målaren sin.
Det er nokre få som framleis har gammal straummålar og som må lese av målaren sin sjølv. Der vi ikkje får målaravlesing vert forbruket stipulert (estimert) ved fakturering.
Vi har 6 faste målaravlesingar i året; 1. januar, 1. mars, 1. mai, 1. juli, 1. september og 1. november.
Målaravlesing kan du levere til oss når som helst, også utanom dei faste måleravlesingane.
Målaravlesing leverer du på følgjande måte:
For å melde deg på SMS-tenesta: Send ein SMS til tlfnr 26166; SYKM START [kundenr] [målarnr] Eksempel: Med kundenr 123456 og målarnummer 0501234 blir meldinga sjåande slik ut: ”SYKM START 123456 0501234"
Du kan få påminning om målaravlesing på e-post eller SMS ved å gå inn på Min side, og velje kundeprofil. Her kan du velgje om du vil ha påminning om måleravlesing på SMS eller e-post. Legg inn mobiltelefonnummer eller e-postadresse og du vil få påminning ved neste målaravlesing.