Leveringsplikt

Straumen Nett pliktar å levere kraft til nettkundar som står utan avtale med kraftleverandør. 

Leveringspliktig kraft er dyrt!
Straumen Nett er netteigar og ikkje kraftleverandør. Ordninga med pliktlevering skal sikre at nettkundar får kraft til dei har inngått avtale med ein ordinær kraftleverandør. Dette er årsaka til at kraft fra leveringsplikt er dyrare enn kraft frå kraftleverandør. Straumen Nett sine priser på leveringspliktig kraft er spotpris med eit påslag, som er i samvar med eiga forskrift.

Periode:
  • Første seks veker: Nord Pool Spotpris + påslag 6,25 øre/kWh. 
  • Etter seks veker: Nord Pool Spotpris + påslag 10 øre/kWh + elsertifikat.

For å unngå leveringspliktig kraft må du bestille kraftavtale med ein ordinær kraftleverandør. 

Står du utan avtale med ein kraftleverandør pliktar vi å sende påminningar om at du bør inngå ein avtale med ein kraftleverandør. Desse påminningane skjer ved informasjon på fakturaene til kundar som har kraft levert på leveringsplikt, og utsending av NVE sitt standardskriv til kundar med leveringsplikt.

Du står fritt til å velge kva for ein kraftleverandør du vil inngå avtale med. Oversikt over dei ulike kraftleverandørane finn du på strompris.no.

Her finn du meir om val av kraftleverandør

Bestille abonnement