Korleis fungerer den nye prismodellen for nettleige?
Tidlegare var det berre kor mange kilowattimar du brukte som påverka nettleiga di. Nå får du større moglegheit til å påverke rekninga. Frå 2022 vil nettleiga for privatkundar, fritidsbustader og næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh bestå av eit kapasitetsledd og eit energiledd (i tillegg til offentlege avgifter):
Kapasitetsleddet er eit beløp per månad etter kor mykje straum du brukar samstundes. Kapasitetsleddet vert prisa ut frå snittet av dei 3 timane med høgast forbruk førre månad (på tre ulike dagar i månaden). Kapasitetsleddet vil ha trinn med ulike intervall og prisen vil stige dess meir straum du brukar samstundes. Dersom du har jamt straumforbruk gjennom døgnet vil du få eit lågare kapasitetsledd enn om du bruker mykje straum samstundes. Den nye nettleiga gir deg større moglegheit til å påverke kva du betalar. Det vil lønne seg å jamne ut forbruket gjennom dagen, og det vil være rimelegare å lade elbil trygt om natta. Men vi anbefaler ingen å bruke vaskemaskin eller liknande om natta då det er minimalt å spare på dette.
Energileddet er eit beløp per kilowattime, avhengig av når tid på døgnet du bruker straumen. Energileddet vert frå 1. juli 2022 prisa likt på dag og natt grunna tilbakeføring av meirinntekt til kundane. Frå 2023 vil vi innføre lågare pris på natt enn på dagtid.
Kvifor vert den nye nettleigemodellen innført no?
Etter mykje debatt hausten 2021 om innføring av ny nettleige, har no ei rekkje nettselskap og organisasjonar samla seg om ei felles utforming av den nye nettleiga. Innføring av ny nettleige har vore diskutert og planlagt gjennom fleire år, der ulike forslag frå myndigheitene har vore gjennom to høyringsrundar. Olje- og energidepartementet tok den endelege avgjeringa om å innføre ordninga, med støtte frå nettbransjen.
Kva betyr den nye modellen for nettselskapet sine inntekter?
Nettselskapa sine samla inntekter vert bestemt av myndigheitene gjennom årlege inntektsrammer, og vil ikkje verte råka av ny prismodell. Drift, vedlikehald og utbygging av straumnettet i Norge kostar rundt 27 milliardar kroner årleg. Denne rekninga vert dekt av brukane av nettet. Ved å nytte kapasiteten i nettet smartare, kan vi holde nettleiga lågast muleg for straumkundane over tid.
Kva kan du gjere for å redusere nettleiga?
Det er ein rekkje tiltak ein kan gjere for å spare nettleige med den nye modellen. Viktig er det å få forståing over kva for nokre elektriske artiklar som brukar mest effekt.
Vaskemaskin, tørketrommel, varmtvannsbereder, varmeomnar, platetoppar og spesielt induksjonsomnar er eksempel på hushaldningsartiklar som brukar høg effekt. Dersom du tenkjer over i det daglege at ein ikkje skal bruke desse samstundes, men bruke dei etter kvarandre er mykje gjort. Bruk for aldri hushaldningsartiklar når du ikkje er til stades eller søv. Dersom du har elbil bør denne laddast sakte og forskriftsmessig på natta.
Effektbruk for nokre elektriske artiklar:
•Vaskemaskin: 2-3 kW
•Tørketrommel: 2-3 kW
•Oppvaskmaskin: 2-3 kW
•Varmtvannsbereder: 2 kW
•Varmepumpe luft-luft 1-2 kW
•Varmeomnar: 1-2 kW
•Platetoppar og spesielt induksjonsomnar: 1-7 kW
•Varmekablar bad: 1 kW (Rom på 10 kvadratmeter)
•Støvsugar, kaffitraktar, kaffemaskin, mikrobølgeomn, brødristar, strykejern, vasskokar, kjøkkenvifte, hårtørkar: 1-2 kW
•TV: 0,1-0,2 kW
•Lading av elektronikk 0,1-0,2 kW
•Heimeladar for Elbil: 2-22 kW
Kva med brannfaren dersom folk begynner å vaske kle om natta?
Flytting av forbruk skal ikkje gå ut over komfort eller sikkerheit i heimen. Ingen bør for eksempel bruke vaskemaskin, tørketrommel eller oppvaskmaskin etter dei har lagt seg. Det er heller ikkje mykje å spare på det. Elbil kan du trygt lade om natta, dersom du har installert din eigen heimeladar.
Kor store nettinvesteringar er det realistisk å spare på smartare straumforbruk?
Ved å utnytte det eksisterande straumnettet betre før vi bygg nye kraftliner, kan nettselskapa spare store kostnader og på den måten holde nettleiga så låg som mogleg for deg som forbruker. Berre ved å flytte lading av elbilar til natta, kan vi spare 11 milliardar kroner i nettinvesteringar, i følgje berekningar frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).
Korleis kan vi vere sikre på at den nye nettleiga vil føre til jamnare straumforbruk?
Fleire nettselskap har gjennomført pilotprosjekt og spørjeundersøkingar. Tre av fire i den største piloten opplev at dei har moglegheit til å tilpasse straumforbruket sitt. Pushvarsel om periodar med høgare prisar gav opp til 7,5 % nedgang i straumforbruket, som er ein god effekt. Erfaringane så langt viser at kundane ønskjer tips og varsling om korleis dei kan bruke straum smartare.
Kor mange får reell moglegheit til å påverke nettleiga si?
Dei som brukar mest straum vil kunne påverke nettleiga si mest – ikkje minst alle som har elbil og eigen heimeladar. Det skal ikkje vere dyrt og vanskeleg å bruke straum smartare. Det finns allereie enkle løysingar for automatisk lading av elbil når prisane er mest gunstige. Det same gjeld oppvarming.
Kva betyr den nye prismodellen for ulike kundar?
Små leilegheiter: De fleste vil få uendra eller lågare nettleige, fordi straumforbruket i utgangspunktet er forholdsvis jamt og lavt. Kundane her vil normalt hamne i det rimelegaste trinnet.
Einebustader: Vil fordele seg på fleire trinn, og kan påverke nettleiga ved å jamne ut forbruket slik at de hamner på et rimelegare trinn. Dei som har elbil kan spare pengar på å lade med godkjent heimeladar om natta. Då vil normalt både straumprisen og nettleiga vere rimelegare.
Bustader med solceller: Bruk av eigenprodusert straum vil gi litt mindre sparegevinst fordi energileddet i nettleiga vert redusert, men det vil framleis vere mykje å spare på straumpris og avgifter. Også for desse er det viktig å halde eit jamt forbruk, spesielt i dei timane dei ikkje har eigen straumproduksjon.
Etterisolering, varmepumpe etc.: Energieffektiviseringstiltak vil gi litt mindre sparegevinst, fordi energileddet i nettleiga vert redusert. Men det vil framleis vere mykje å spare på straumpris og avgifter.
Fritidsbustader: For eigarar av gjennomsnittshytter blir reknestykket omtrent som for eigarar av einebustader. Også her gjeld rådet om å jamne ut straumforbruket gjennom døgnet. Viss du kjem med elbil til kald hytte, kan det vere lurt å vente med å lade elbilen til hytta er oppvarma.
Bedrifter med årleg forbruk under 100.000 kWh: Ingen vesentleg endring for desse, men kundar med høgt straumforbruk i enkelttimar bør vurdere justeringar.
Kven vil få høgare, uendra og lågare nettleige enn i dag?
Straumnettet er eit stort spleiselag som i heilheit vert betalt av brukarane gjennom nettleiga.
Generelt er det slik at dei med små bustader og lågt forbruk samstundes vil betale ein mindre del enn i dag, mens dei med større bustader og éin eller fleire elbilar vil betale ein større del. Desse har likevel gode moglegheiter til å tilpasse forbruket sitt og dermed redusere nettleiga – dersom dei gjer ein liten eigeninnsats.