Nettleige private 2024

Nettleige for hushald og fritid med årsforbruk under 100 000 kWh

Nettleige frå 1. januar 2024

Nettleiga går til å dekke alle kostnader ved transport av elektrisk kraft, frå produsent og fram til uttaket i heimen. Nettleiga skal gå til nyinvestering, vedlikehald og drift av eigne anlegg.

I tillegg går nettleiga til å dekke tilsvarande kostnader ved nettet som forbind oss med resten av den nordiske kraftmarknaden. Det er det lokale nettselskapet som krev inn nettleiga. For deg er dette Straumen Nett AS.

Kapasitetsledd kW (makslast) Kr/månad Energiledd inkl. Enova øre/kWh Forbruksavgift øre/kWh Sum energiledd øre/kWh inkl. avgifter
Trinn1 0–5 kW                      29026,6311,8938,52
Trinn 2 5–10 kW                      33426,63 11,8938,52
Trinn 3 10–15 kW                      49526,63 11,8938,52
Trinn 4 15–20 kW                      58226,63 11,8938,52
Trinn 5 20–25 kW                      87326,63 11,8938,52
Trinn 6 25 kW og over                    116326,63 11,8938,52

Nettleiga er delt inn i eit kapasitetsledd og eit energiledd per kWh. Fastleddet vert prisa ut gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk førre månad. Alle prisar er inkl. mva. Vi tek atterhald om justeringar av statlege avgifter.

Enova-avgift:

  • Enova-avgifta er ei avgift til Energifondet, som vi er pålagt å krevje inn for staten.
  • Avgifta vert forvalta av Enova SF.
  • Avgifta er inkludert i nettariffen både for hushald og for næring.
  • Avgifta til Energifondet utgjer 1 øre/kWh (1,25 øre/kWh inkl. mva).
  • For andre sluttbrukarar enn hushaldning og fritidsbustadar er det eit påslag på kr 800 per år per målepunkt.


Forbruksavgift: 

  • Forbruksavgifta er ei avgift vi er pålagt å krevje inn for staten.
  • For 2024 er den ordinære satsen i perioden 01.01.2024-31.03.2024 9,51 øre/kWh (11,89 øre/kWh inkl. mva).
  • Frå 01.04.2024 er satsen 16,44 øre/kWh (20,55 øre/kWh inkl. mva).                                                                                                                                                                                           
  • Den reduserte satsen er 0,58 øre/kWh.
  • Sjå nærare informasjon på nettsida til Skatteetaten.                                                                                                                                                                                   

Veglys

Tariff Fastbeløp kr/år Energiledd inkl. Enova øre/kWh Forbruksavgift   øre/kwh Sum energiledd øre/kwh inkl. avgifter
Veglys 375 26,63 11,89 38,52

Alle prisar er inkl. mva. Vi tek atterhald om justeringar av statlege avgifter.

Offentlege avgifter som vert innkrevd i lag med nettleiga

Standard vilkår for nettleige og tilknyting for privatkundar

Kompensasjon ved langvarige straumbrot