Nettleige private 2023

Nettleige for hushald og fritid med årsforbruk under 100 000 kWh

Nettleige frå 1. januar 2023 - 31. mars 2023:

Nettleiga går til å dekke alle kostnader ved transport av elektrisk kraft, frå produsent og fram til uttaket i heimen. Nettleiga skal gå til nyinvestering, vedlikehald og drift av eigne anlegg.

I tillegg går nettleiga til å dekke tilsvarande kostnader ved nettet som forbind oss med resten av den nordiske kraftmarknaden. Det er det lokale nettselskapet som krev inn nettleiga. For deg er dette Straumen Nett AS.

Kapasitetsledd kW (makslast) Kr/månad Energiledd inkl. Enova øre/kWh Forbruksavgift øre/kWh Sum energiledd øre/kWh inkl. avgifter
Trinn1 0–5 kW                      258 23,75 11,45 35,2
Trinn 2 5–10 kW                      296 23,75 11,45 35,2
Trinn 3 10–15 kW                      439 23,75 11,45 35,2
Trinn 4 15–20 kW                      516 23,75 11,45 35,2
Trinn 5 20–25 kW                      774 23,75 11,45 35,2
Trinn 6 25 kW og over                   1031 23,75 11,45 35,2

Nettleiga er delt inn i eit kapasitetsledd og eit energiledd per kWh. Fastleddet vert prisa ut gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk førre månad. Alle prisar er inkl. mva. Vi tek atterhald om justeringar av statlege avgifter.

  • Avgift til Energifondet er ei avgift vi er pålagt å krevje inn for staten.
  • Avgifta vert forvalta av Enova SF.
  • Avgifta er inkludert i nettariffen både for hushald og for næring.
  • Avgifta til Energifondet utgjer 1 øre/kWh (1,25 øre/kWh inkl. mva).
  • For andre sluttbrukarar enn hushaldning og fritidsbustadar utgjer påslaget kr 800 per år per målepunkt.


Forbruksavgift: 

  • Forbruksavgifta er ei avgift vi er pålagt å krevje inn for staten.
  • For 2023 er den ordinære satsen for forbruksavgifta i perioden 01.01.2023-31.03.2023 9,16 øre/kWh (11,45 øre/kWh inkl. mva).
  • Frå 01.04.2022 er satsen 15,84 øre/kWh (19,8 øre/kWh inkl. mva).                                                                                                                                                                                           
  • Den reduserte satsen for forbruksavgift 0,546 øre/kWh og fritaksordningar.
  • Sjå nærare informasjon på nettsida til Skatteetaten.                                                                                                                                                                                   


Tap i nettet:                                                                                                                                                                    

Ca 8 % av elektrisiteten blir borte på vegen gjennom straumleidningane. Det er dette som blir kalla tap i nettet og tilsvarar at ein tankbil som frakter diesel også brukar diesel.

Nettleige frå 1. april 2023:

Kapasitetsledd kW (makslast) Kr/månad Energiledd inkl. Enova, øre/kWh Forbruksavgift Sum energiledd inkl. avgifter
Trinn1 0–5 kW                      258 23,75 19,8 43,55
Trinn 2 5–10 kW                      296 23,75 19,8 43,55
Trinn 3 10–15 kW                      439 23,75 19,8 43,55
Trinn 4 15–20 kW                      516 23,75 19,8 43,55
Trinn 5 20–25 kW                      774 23,75 19,8 43,55
Trinn 6 25 kW og over                   1031 23,75 19,8 43,55


Offentlege avgifter som vert innkrevd i lag med nettleiga

Standard vilkår for nettleige og tilknyting for privatkundar

Kompensasjon ved langvarige straumbrot