Straumen Nett har generelt sett høg leveringstryggleik. Det er svært sjeldan at kundar vert ramma av langvarige straumavbrot, men dette kan sjølvsagt skje ved større havari og ekstremvêr. Kundar som opplev samanhengande straumbrot på meir enn 12 timar har rett på kompensasjon for dette (ifølgje NVE sitt regelverk).
Frå og med 1.januar 2021 skal det gå automatikk i dette, og ein slepp difor gamal praksis med å søke kompensasjon.
Kompensasjonen vil gjelde per målepunkt, og ikkje per kunde slik som tidlegare.
Som grunnlag for kompensasjon vil lengda på avbrotet vere avgjerande. Avbrotstida vert regna frå det tidspunkt Straumen Nett får melding, eller burde fått melding om avbrotet. Fleire påfølgande straumbrot reknast som samanhengande dersom ikkje normal straumforsyning haldast ved lag i minimum to timar. Kompensasjonsordninga gjeld ikkje for kundar som har avtale om utkoplbart forbruk.
Dei nye satsane for kompensasjonen er vedteke av NVE og er følgjande: