Firmainformasjon

Eigarskap

Straumen Nett er 100 prosent eigd av Sykkylven Energi. Sykkylven Energi er 100 prosent eigd av Sykkylven kommune.

Verksemd

Straumen Nett sine kjerneoppgåver er å planlegge, bygge, drifte og halde ved like straumnettet i Sykkylven kommune. Straumnettet omfattar 68 km med høgspent linjenett, 127 km med høgspent jordkabel og sjøkabel, 170 km med lavspent linjenett, 260 km med lavspent jordkabel og sjøkabel, og 239 fordelingstransformatorar.

Mål for verksemda

  • Heilhjerta lokal energi
  • Bidra til elektrifiseringen som ein del av det grøne skiftet
  • Sikker og påliteleg energiforsyning
  • Engasjerte medarbeidarar
  • Lokal verdiskaping