Byggestraum

Byggestraum er ei mellombels løysing for uttak av straum som vert nytta ved utbygging mv. Denne mellombelse løysinga skal takast ned når permanent installasjon er kopla til.

Prisar på byggestraum:

Fastbeløp: kr. 350/400 lita/stor kasse per månad, energileddet følgjer tariff "Nettleige for hushald". Oppsetting og nedtaking vert fakturert etter medgått materiell og tid etter gjeldande prisar. Tillegg i pris ved levering før normal leveringstid (5 virkedagar): kr. 1 350. Oppgitte prisar er eksklusiv meirverdiavgift.

Byggestraumskassar vert oppsett på næraste tilknytingspunkt i stolpe eller kabelskap. Der inntaksrøyr er lagt kan det trekkast inntakskabel, og byggestraumskassa kan monterast på enden. Ved leige av byggestraumskasse er leigetakar ansvarleg for at lause leidningar er tilkopla etter forskrift (stikkontakt/støpsel) og at kassa er låst. Ved nedtaking av byggestraumen må lås og leidningar fjernast.

Målepunktinformasjon


Kontaktinformasjon


Personvern og bruk av informasjon Vi ser på personleg informasjon som t.d. namn, adresse, e-post og telefonnummer som konfidensielt. I samsvar med dette vert all informasjon du som kunde gir oss, lagra på ein sikker stad, og vil berre verte brukt til å kunne tene deg som kunde betre. Eksempelvis ved å sende ut viktig informasjon som direkte gjeld eit anlegg eller abonnement, og generell kundeoppfølging. Som kunde kan du alltid be om ein kopi av dine personlege opplysningar og få dei korrigert eller fjerna frå vår database.