Bygging/ombygging

Dersom du har planar om å bygge ny bustad, fritidsbustad, næringsbygg eller noko som skal installerast straum i, må du ta kontakt med oss så tidleg som mogleg. Du må også ta kontakt med oss dersom du ønskjer å auke effektuttaket eller foreta andre ombyggingar.

Etter § 16.1 i Forskrift om kontroll av nettverksemd skal nettselskapet berekne anleggsbidrag for alle førespurnadar om nytilknyting, auka kapasitet eller betre kvalitet. I desse tilfella vil nettselskapet krevje anleggsbidrag som er eit eingongsbeløp frå kunde/utbyggar for å dekke kostnaden ved å knyte kunden på straumnettet.

Straumen Nett fastset størrelsen på anleggsbidraget ut frå gjeldande forskrifter.

Handbok for berekning av anleggsbidrag.

Trykk her for å sende ein førespurnad.