Eltilsynet

Det lokale eltilsynet (DLE) 

Bruk av elektriske anlegg og elektrisk utstyr kan føre til brann og berøringsfare/straumgjennomgang dersom det ikkje vert brukt på rett måte. Nettselskapa er med heimel i tilsynsloven pålagt å føre tilsyn innanfor sitt forsyningsområde. Eltilsynet skal redusere skader og ulykker som kan skje på grunn av elektrisitet. Det lokale eltilsynet er derfor en del av det offentlege tilsynsapparatet for el-sikkerheit og utøver tilsyn under Direktoratet for Samfunnsikkerheit og Beredskap (DSB) sin kontroll.   

Sakkyndig selskap 

I Sykkylven kommune er det Elsikkerhet Møre AS som utfører besøk og kontroll av det elektriske anlegget ditt.  

Bekymringsmelding for anlegg og forbrukertenester 

Det lokale eltilsynet skal ta i mot spørsmål og melding om feil, og vidaresende det til DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerheit og beredskap). For å gjere det enklare for deg kan du her registrere ei bekymringsmelding når det gjeld feil på -anlegg, -utstyr og -bruk. For å registrere ei bekymringsmelding, vel Bekymringsmelding, og skriv kva det gjeld, kontakt informasjon og eventuelt feilstad.

Sjå lenkane under for meir informasjon om elsikkerheit og korleis du sjølv kan få ein trygg elektrisk kvardag. Takk for at du vil bidra til sikker bruk av elektrisk energi!

Mvh Olav Martin Lid 

DLE-ansvarleg i Straumen Nett AS