Jordfeil

Feil på elektriske anlegg kan føre til at det oppstår jordfeil. Jordfeil får vi når straumførande leidningar kjem i kontakt med jorda og utsette anleggsdelar, eller i direkte kontakt med jordledar.

Det er eigaren av det elektriske anlegget som er ansvarleg for at anlegget er i føreskriven stand etter gjeldande forskrift, Forskrift for elektriske lavspenningsanlegg. Arbeid i det elektriske anlegget må utførast av autorisert elektroinstallatør. Her finn du autoriserte elinstallatørar.

Dersom ein får støyt ved å ta på elektrisk utstyr, vasskranar eller andre elektrisk ledande materialar, må ein kontakte elektroinstallatør for kontroll av eige anlegg. Dersom anlegget i eige hus er i orden, skal ein kontakte nettselskapet. Her kan du rapportere om jordfeil.

Ein jordfeil kan mellom anna oppstå i ein trykkvarmar, i ei vaskemaskin, i varmekablar eller ved gjennomslag av spiker gjennom leidningar. Jordfeil kan vere vanskeleg å lokalisere.

Det er viktig å ta jordfeil på alvor. Jordfeil i anlegget ditt kan føre til livsfarlege støyt eller brann i ditt eige anlegg men også i andre anlegg i nabolaget ditt.

Vert jordfeilvarslar/jordvernbrytar utløyst, er jordfeilen mest truleg i ditt eige anlegg.  Det er ditt ansvar å rette feilen. Om anlegget ikkje vert kopla ut med ein gong, bør ein vere forsiktig med bruk av elektrisk utstyr til feilen er retta.

Anlegg montert før 1990 har ikkje nødvendigvis montert slikt utstyr og i desse anlegga kan huseigar vere uvitande om jordfeil.

Feil som ikkje er i eige anlegg vil bli påvist av Straumen Nett. 

Eigar av eit anlegg der det er påvist jordfeil mottar eit vedtak om retting, og vil få eit krav på kr 1125,- for arbeidet med påvising. Eigar må då kontakte ein autorisert installatør for å få rette feilen. Når feilen er retta skal installatør melde dette direkte til nettselskapet.

Les meir om jordfeil her.