Nettleige private 2024
Nettleige for hushald og fritid med årsforbruk under 100 000 kWh
Nettleige frå 1. oktober 2024
Nettleiga går til å dekke alle kostnader ved transport av elektrisk kraft, frå produsent og fram til uttaket i heimen. Nettleiga skal gå til nyinvestering, vedlikehald og drift av eigne anlegg.
I tillegg går nettleiga til å dekke tilsvarande kostnader ved nettet som forbind oss med resten av den nordiske kraftmarknaden. Det er det lokale nettselskapet som krev inn nettleiga. For deg er dette Straumen Nett AS.
Kapasitetsledd | kW (makslast) | Kr/månad | Energiledd inkl. Enova øre/kWh | Forbruksavgift øre/kWh | Sum energiledd øre/kWh inkl. avgifter |
Trinn 1 | 0–5 kW | 290 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |
Trinn 2 | 5–10 kW | 334 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |
Trinn 3 | 10–15 kW | 396 | 67 | 20,55 | 44,68 |
Trinn 4 | 15–20 kW | 582 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |
Trinn 5 | 20–25 kW | 873 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |
Trinn 6 | 25 kW og over | 1163 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |
Nettleiga er delt inn i eit kapasitetsledd og eit energiledd per kWh. Fastleddet vert prisa ut gjennomsnittet av dei tre timane med høgast forbruk førre månad. Alle prisar er inkl. mva. Vi tek atterhald om justeringar av statlege avgifter.
Enova-avgift:
- Enova-avgifta er ei avgift til Energifondet, som vi er pålagt å krevje inn for staten.
- Avgifta vert forvalta av Enova SF.
- Avgifta er inkludert i nettariffen både for hushald og for næring.
- Avgifta til Energifondet utgjer 1 øre/kWh (1,25 øre/kWh inkl. mva).
- For andre sluttbrukarar enn hushaldning og fritidsbustadar er det eit påslag på kr 800 per år per målepunkt.
Forbruksavgift:
- Forbruksavgifta er ei avgift vi er pålagt å krevje inn for staten.
- For 2024 er den ordinære satsen i perioden 01.01.2024-31.03.2024 9,51 øre/kWh (11,89 øre/kWh inkl. mva).
- Frå 01.04.2024 er satsen 16,44 øre/kWh (20,55 øre/kWh inkl. mva).
- Den reduserte satsen er 0,58 øre/kWh.
- Sjå nærare informasjon på nettsida til Skatteetaten.
Tariff | Fastbeløp kr/år | Energiledd inkl. Enova øre/kWh | Forbruksavgift øre/kwh | Sum energiledd øre/kwh inkl. avgifter |
Veglys | 375 | 24,13 | 20,55 | 44,68 |